Professor Ståle Wikshåland

Ein drivande kraft i norsk musikkforsking, velkjend musikkritikar, professor og tidlegare instituttleiar ved IMV. 

Ståle Wikshåland

Ståle Wikshåland (1953–2017) tok utdanninga si innan musikkvitskap og filosofi ved Universitetet i Oslo, og tok doktorgraden i 1995 med avhandlinga «...en melodi som unnslipper, en innskrift som består". Studier i Claudio Monteverdi og musikalsk barokk». Han var med på å opprette Estetisk seminar ved fakultetet i 1988, og var ein viktig stemme i universitetspolitikken gjennom alle år, ikkje minst som medlem i instituttstyret og som instituttleiar.

Wikshåland arbeida breitt og tverrfagleg. Han såg viktigheita av å forstå samtidas uttrykk i samanheng med dei klassiske tradisjonane innanfor musikk, litteratur og filosofi. I arbeidet sitt sette han dei høgaste standardane, både innanfor kunstfilosofi, estetikk, musikkforståing og musikkritikk. Boka Fortolkingens århundre vert ståande som ein viktig del av arbeidet hans. Wikshåland rettleia ei lang rekke studentar og stipendiatar, og inspirerte fleire generasjonar av studentar og kollegar ved instituttet.

Sidan starten av 1980-talet verka han som musikkritikar i Dagbladet, og var redaktør i Ballade i åra 1978–1986.Han var også med på å grunnleggje prosjektet Norsk musikkarv på 2000-talet, i eit samarbeid med ei rekke høgare norske musikkinstitusjonar.

Wikshåland var og sentral i samarbeidet mellom IMV og Den norske opera & ballett, der studentar ved instituttet mellom anna inviterast inn i operaen for å følgje produksjonen av ei oppsetting kvar haust.

Les minneorda i Ballade etter Wikshåland sin bortgang her.

 

Publisert 29. nov. 2019 23:42 - Sist endret 29. nov. 2019 23:42