Demens og innvandrarar i helsevesenet

Forskar Maarja Siiner ved MultiLing har studert korleis demens vert omtala og framstilt i norske aviser mellom 1995 og 2015. Ho har funne at demens opptrer i ein politisk institusjonalisert diskurs, og at sjukdomen er meir omtala i dag enn for ti–tjue år sidan. I granskinga av omtalen av eldre innvandrarar i relasjon til demens har ho avdekt tydelege rammer for korleis innvandrarar i helsevesenet vert omtala. Desse rammene syner eit komplekst bilde av innvandrarar som både ressurs og utfordring.

Bilete av Maarja Siiner

Maarja Siiner (Photo: Nadia Frantsen)

Om lag 70.000 nordmenn har ein demenssjukdom, og talet er venta å stige. Demens inneber endringar i mellom anna hugseevne, språk, personlegdom, åtferd og handlingsevne. I prosjektet MultiLing Dementia: Demens hos flerspråklige ønskjer MultiLing å sjå nærmare på lingvistiske, kognitive og sosiale effektar av demens hos fleirspråklege på individnivå, i interaksjon med andre, og på korleis samfunnet handsamar spørsmåla. Prosjektet har fleire underprosjekt, og Siiner står for eitt av desse: Korpusassistert diskursanalyse av presentasjoner av 'demens', 'alderdom' og 'eldre innvandrere' i norske medietekster gjennom årene 2000–2015.

Politisk institusjonalisert

Norske aviser skriv stadig meir om demens, og det har blitt eit daglegdags emne. I 1995 skreiv 5 aviser om demens, og i 2015 hadde talet auka til 182. Gjennom dei siste åra har fokuset i tekstane endra seg, tidlegare kunne ein lese om sjukdomen demens, medan ein no kan lese om personar med demens og livskvaliteten deira. Noko som har heldt seg likt gjennom åra, er diskursen tekstane opptrer i. Han er politisk institusjonalisert.

Noreg skil seg frå mange andre land i måten helsevesenet fungerer på, og særleg i måten ein tek vare på eldre. Staten spelar ei sentral rolle, og det går fram av orda i avistekstane Siiner har studert. "Kommune", "(primær)helseteneste", "sjukeheim" og "eldreomsorgs(tenester)" er nøkkelord som stadig går att. Ein ser det også gjennom kven som uttalar seg  i sakene, det er svært sjeldan "vi" eller "eg" i tydinga pårørande eller person med demens. Det er snarare politikarar, representantar for organisasjonar og helsepersonell som uttalar seg. Det ville vore interessant å samanlikne funna til Siiner med funn frå liknande studiar i land der eldreomsorg ikkje er like institusjonalisert som i Noreg.

Innvandrarar i helsevesenet

I studien har Siiner også sett på korleis avisene omtalar eldre innvandrarar, og dimed har ho også fått tilgang til korleis innvandrarar i helsevesenet meir generelt vert framstilte. Ho har avdekt fem rammer som går att i omtalen, og alle desse rammene har også det ein kan kalle motrammer. I nokre tilfelle opptrer dei dei to rammetypane i same setning: «Uten innvandrere ville Oslos eldreomsorg brutt saman, men de har også gjort kommunikasjonsproblemer mer utbredt.» (Aftenposten 28.09.2010) I denne setninga er innvandrarane ein arbeidsressurs samstundes som dei medfører eit kommunikasjonsproblem. I avistekstane fann Siiner fem rammer og motrammer:

Ramme

Motramme

Innvandrarar passar sine eldre heime. Familietilhøyrsle, omtanke, respekt Kvinnediskriminering sidan innvandrarkvinner er heimeverande for å passe eldre.
Innvandrarar som helsepersonell –  ein fordel Innvandrarar som helsepersonell – eit (språk)problem
Innvandrarar som økonomisk profitt – dei tar jobbar andre ikkje vil ta Innvandrarar som økonomisk utgift og samfunnsbyrde
Språkleg mangfald i Noreg Dårleg språk – dårleg utdanning
Demokrati inneber aksept og respekt for skilnadar. Det er dyrt å oppretthalde innvandrarkulturar og å ikkje integrere innvandrarar.

Rammene syner eit komplekst bilde av innvandrarar som både ressurs og utfordring i helsevesenet. Særleg er språk representert, direkte og indirekte, i begge kategoriane.

Kvifor er det viktig å vere merksam på dette?

Korleis avisene skriv om demens, kan påverke kva bilete lesaren får av sjukdomen og personar som er råka av han. Det same gjeld korleis innvandrar i helsevesenet vert oppfatta. Media formar synet vi har på ulike fenomen og spelar ei sentral rolle i debatten kring samfunnsspørsmåla i Noreg. Når ein er medviten diskursen ulike emne opptrer i, er det lettare å vere kritisk til han.

Av Jorunn S. Thingnes, MultiLing
Publisert 13. apr. 2016 08:39 - Sist endret 31. mai 2024 14:09