Senterleiar
Senterleiar er forskar og har det overordna ansvaret for MultiLings drift og utvikling, MultiLings forsking, forskaropplæring, forskingsformidling, rettleiing, undervisning og anna fagleg basert verksemd.
Nestleiar
Nestleiar er forskar og inngår i MultiLings leiargruppe. Nestleiar fungerer som senterleiar ved behov og skal kunne ivareta alle funksjonane til senterleiar. Nestleiar har det overordna ansvaret for presse, kommunikasjon og synleggjering av senterets forsking.
Administrativ leiar
Administrativ leiar inngår i MultiLings leiargruppe. Den administrative leiaren har det overordna ansvaret for den ikkje-vitskaplege aktiviteten ved senteret.
Anne Charlotte Lindblom er administrativ leiar.
Les meir om dei nye leiarane for MultiLing.
Senterleiar og administrativ leiar står for den daglege drifta av MultiLing.
Instituttstyret ved ILN er også styre for MultiLing. I tillegg har senteret eit internasjonalt samansett rådgjevende panel (Scientific Advisory Board) med særlig ansvar for å følge opp implementeringsplanar og årsplan.
Tekstlaboratoriet skal bidra med teknisk assistanse til MultiLing gjennom sine noverende og framtidige ressursar.