English version of this page

Organisasjon

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er ein integrert del av Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN).

Bildet kan inneholde: smil, mote, frakk, erme, gest.

Anne Charlotte Lindblom, Unn Røyneland og Ingebjørg Tonne. Foto: Oda Hveem/UiO

Portrettbilde av Unn Røyneland
Leiar Unn Røyneland

Senterleiar

Senterleiar er forskar og har det overordna ansvaret for MultiLings drift og utvikling, MultiLings forsking, forskaropplæring, forskingsformidling, rettleiing, undervisning og anna fagleg basert verksemd. 

 

Portrettfoto Ingebjørg Tonne
Nestleiar Ingebjørg Tonne

Nestleiar

Nestleiar er forskar og inngår i MultiLings leiargruppe. Nestleiar fungerer som senterleiar ved behov  og skal kunne ivareta alle funksjonane til senterleiar. Nestleiar har det overordna ansvaret for presse, kommunikasjon og synleggjering av senterets forsking.

 

Portrettfoto av Anne Charlotte Lindblom-Rosén
Administrativ leiar Anne Charlotte Lindblom

Administrativ leiar

Administrativ leiar inngår i MultiLings leiargruppe. Den administrative leiaren har det overordna ansvaret for den ikkje-vitskaplege aktiviteten ved senteret.

Anne Charlotte Lindblom er administrativ leiar. 

 

Les meir om dei nye leiarane for MultiLing.

 

Senterleiar og administrativ leiar står for den daglege drifta av MultiLing.

Instituttstyret ved ILN er også styre for MultiLing. I tillegg har senteret eit internasjonalt samansett rådgjevende panel (Scientific Advisory Board) med særlig ansvar for å følge opp implementeringsplanar og årsplan.

Tekstlaboratoriet skal bidra med teknisk assistanse til MultiLing gjennom sine noverende og framtidige ressursar.

Publisert 2. mai 2024 10:44 - Sist endret 30. mai 2024 13:16