— Tildelinga er ei anerkjenning av arbeidet mitt, men vel så viktig er det ei anerkjenning av temaet språkpolitikk og minoriserte språk, seier Thingnes. Avhandlinga er levert ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium.
I doktorgradsavhandlinga si undersøker Thingnes språkpolitikk og språkval ved Sámi allaskuvla (Samisk høgskule) og ved Høgskulen på Vestlandet. Thingnes finn at valet av nynorsk, til liks med nordsamisk, stadig må forklarast og forsvarast, og ho argumenterer for at også nynorsk er eit minorisert språk.
— Eg er glad for at ei avhandling som primært er skriven på norsk, vart tildelt medaljen. Avhandlinga syner både gjennom forskingsresultata og forma at det er mogleg å bruke minoriserte språk i akademia i Noreg i dag.
Språk er makt
Språkpolitikkane ved både Sámi allaskuvla og Høgskulen på Vestlandet (HVL) går inn for å endre eller vege opp for det ujamne maktforholdet mellom språk. Samstundes finn Thingnes at diskusjonane kring språk ved HVL kan vere med på å atterskape eit bilete av nynorsk som brukarane av språket ikkje er tente med.
I granskinga av desse institusjonane utfordrar Thingnes allereie etablerte sanningar og utvidar perspektiva ein har på språkpolitikk og språkval i akademia. Den fleirspråklege avhandlinga er i seg sjølv ein metakommentar til tematikken ho handsamar.
Granskar språkmiljøet i barnehagen
I dag er Thingnes tilsett som fyrsteamanuensis hjå Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet.
— Eg vil halde fram med å forske på språkpolitikk og sosiale og samfunnsstrukturelle vilkår for mindre brukte språk.
— No arbeider eg med forskingsprosjektet Multilektal skrivekunne i opplæringa. I delprosjektet eg er involvert i, granskar vi mellom anna korleis språkmiljøet i barnehagen førebur born for tileigning av nynorsk som mindre brukt språk, og korleis ein målretta kan stimulere denne tileigninga, seier Thingnes.