Moby Dick: kvalen og mennesket

Kvalfangsten er eit drama mellom dyr og menneske som har utspelt seg på ulikt vis gjennom historia. Velkommen til innsikt med forfattar og professor Espen Ytreberg.

I forgrunnen sees en død hval. I bakgrunnen, på fjorden, ligger en hvalfangstbåt. Svart hvitt foto.

Kvalbåten «W.D.Munroe» utanfor kvalstasjonen Green Harbour. Foto: Anders Beer Wilse via Norsk Folkemuseum. 

Gå til Facebook-arrangementet

I Bibelen er mennesket Jona hjelpelaust underlegent, og må blir redda frå kvalfiskens buk av Gud.

I seilskutetida, som romanen Moby Dick skildrar, hadde seilskuter og harpunar gjort menneska mektigare. Men framleis framsto kvalen som ein fare, og i forteljinga kjempar kval og menneske om overmakta.

I den industrielle tida, da Noreg blei ei stormakt innan kvalfangsten, var kvalen blitt til fabrikkindustri. Den var hjelpelaus mot dei moderne maskinene, og blei brakt til randa av utrydding. Den overlegne makta menneske har over kvalane, har gitt oss dilemma vi framleis lever med i dag.

I denne introduksjonen snakkar Espen Ytreberg om kvalfangsten som eit drama mellom dyr og menneske som har utspelt seg på ulikt vis gjennom historia.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og «Inn i historien».

En middelaldrende mann med briller og mørkt hår. Foto.
Espen Ytreberg. Foto: UiO

Du møter

Espen Ytreberg er professor i medievitenskap ved Universitetet i Oslo. Han skriv om historie og mediar, både litterært og i akademiske samanheng.

I 2023 gav han ut boka «Utryddelsen – historien om den norske industrielle hvalfangsten».

Praktisk informasjon

Introduksjonen går føre seg i Bikuben i foajeen på Det Norske Teatret. Arrangementet er gratis og ope for alle, men det er avgrensa med sitteplassar, så det kan vere lurt å vere tidleg ute. 

Det Norske Teatret ligger i Kristian IVs gate 8. Finn veien med Google maps.

  • Gåavstand fra Stortinget eller Nationaltheatret T-banestasjon: 5 minutter

Et øye. Illustrasjon.Inn i historien – Humaniorafestivalen 2024

Frå 7. til 21. mars inviterer Universitetet i Oslo til festival om historie. Bli med på samtalar, foredrag, filmframsyning, byvandring, og mykje meir – på Deichmans bibliotek og ved fleire andre kulturinstitusjonar.

Arrangementa er gratis og opne for alle!

Les meir om Inn i historien


Meld deg på vårt månedlige nyhetsbrev!


Vil du studere ved UiO?

Sjekk hva du lærer, hvilke jobber du kan få og hvordan det er å være student.

Se vårt studietilbud
Publisert 29. jan. 2024 11:45 - Sist endret 11. mars 2024 10:46