Forlagsredaktør for omsett skjønnlitteratur

«Å vere med på å introdusere norske lesarar for bøkene til nokre av verdas beste forfattarar», er det aller beste med Marias jobb i Aschehoug. 

Portrettfoto, kvinne, utendørs, blader i bakgrunnen, hvit skjorte, brunt hår med pannelugg

Maria Horvei

Foto: Erika Hebbert

Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben din?

– Som forlagsredaktør for omsett skjønnlitteratur held ein i heile prosessen med å gje ut bøker skrivne av utanlandske forfattar på norsk. Jobben min består difor i å lese og vurdere aktuelle manus, kjøpe rettar til dei bøkene me ynskjer å gje ut på Aschehoug, og så vere ein slags prosjektleiar for prosessen fram til ei fysisk bok som er tilgjengeleg for norske lesarar, med det som høyrer med av omsetting, omslagsdesign og så vidare. 

– Kva likar du best med jobben?

– Ein veldig viktig del av jobben er å lese litteratur – berre det er jo ganske ålreit. Å arbeide med omsett litteratur er dessutan eit sosialt arbeid: det handlar mykje om å møte og halde kontakt med folk – det vere seg omsettarar, agentar, forlagskollegaer i andre land eller forfattarar – og også ein del reiseverksemd til bokmesser og slikt. Alt dette er veldig moro! Men det aller beste er så klart å kunne arbeide så tett med nokre av verdas beste forfattarar i ulike sjangrar, og vere med på å introdusere bøkene deira for norske lesarar. 

Korleis er utdanninga frå HF relevant i denne jobben?

– Eg studerte tysk som ein del av bachelorgraden min, før eg tok mastergrad i kunsthistorie, og det er sjølvsagt veldig nyttig i jobben eg har no: At eg kan lese bøker utgitt på tysk på originalspråket. Elles har eg alltid med meg kunsthistorien; det teoretiske apparatet, detaljkunnskapen om ein estetisk tradisjon og forståinga for historia sett gjennom kunsten er liksom den faglege grunnmuren min. 

– Kva er det beste rådet du kan gje til ferske studentar om utsikta til jobb etter studia?

– Eg veit det er mykje snakk om å skaffe seg «relevant erfaring», men at det kan vere litt vanskeleg å sjå kvar det er mogleg å få seg ein fot innanfor. Hugs at relevant erfaring ikkje treng å bety deltidsjobb i forlag eller liknande, det kan like gjerne vere å sitte i redaksjonen til eit studenttidsskrift. Om du greier å kombinere noko slikt med å ta faget du studerer på alvor, har du eit ganske godt utgangspunkt.  

 

Maria Horvei

Fag:
Tysk
Kunsthistorie og visuelle studier

Grad:
Master

Uteksaminert:
2016

Stilling:
Forlagsredaktør for omsett skjønnlitteratur

Arbeidsgivar:
Aschehoug (aschehoug.no)

Fleire karriereintervju

Av Torunn Nyland, arbeidslivskoordinator HF
Publisert 24. nov. 2022 14:31 - Sist endret 24. nov. 2022 16:01