Musikkskribent

«Grovt sett består jobben min som musikkskribent av å lytte og oppleve, og å skape tekst som formidlar det», seier musikkvetar Torkjell.

Portrettfoto, mann, smil, kort blondt hår og skjegg

Torkjell Hovland

Foto: Privat

– Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben din?

– Grovt sett består jobben min som musikkskribent av å lytte og oppleve, og å skape tekst som formidlar det. Det kan vere gjennom konsert- eller platemeldingar for eksempel. Og slik musikkjournalistikken har utvikla seg dei siste åra, så handlar den heldigvis ikkje berre om å skrive om musikken er bra og dårleg. Det er viktig for meg at tekstane også skal vere verdt å lese sjølv om ein ikkje kjenner til musikken frå før. I tillegg skriv eg  portrettintervju med musikarar, komponistar, folk i bransjen eller essays og kommentarar.

Og så er der sjølvsagt ein del kontorarbeid med tanke på økonomi, og å skaffe nye oppdrag og så vidare som ikkje er såå moro;)

– Kva liker du best med jobben din?

– Å sette ord på opplevingar eg har i møte med musikk, og formidle dei til ein lesar. Når eg får ordentleg kick på ein konsert eller av ei plate, har eg alltid lyst å dele dette med nokon andre og få dei til å oppleve det same. Det har alltid vore det beste eg veit, og eg er veldig glad for at eg no har det som jobb. Og så er musikken fantastisk som utgangspunkt til å reflektere og filosofere rundt andre aspekt ved livet.

– Korleis er utdanninga frå HF relevant i denne jobben?

– Noko av det viktigaste eg har med meg frå studia, er øvinga i kritisk tenking. Det å argumentere for og i mot på ein open måte, og alltid ha eit kritisk blikk på di eiga oppfatning.

I tillegg var det ei enormt viktig erfaring å skrive masteroppgåva. Gjennom eit så stort sjølvstendig arbeid over så lang tid fekk eg ei god øving i å arbeide sjølvstendig utan at nokon fortel meg kva eg skal gjere til ei kvar tid. Dette er kanskje det viktigaste i ein jobb som musikkskribent.

I tillegg trur eg utdanninga i musikkvitskap er unik med tanke på sjanger- og interessemangfald – det trur eg er sentralt om du skal kunne skrive om musikk i vår tid!

– Kva er ditt beste tips til ferske studentar som tenker på jobbmoglegheitene etter studiane?

– Ta kontakt med folk! Eg hugsar godt korleis det var å nistire på jobbannonsene og ikkje finne noko stillingsskildring som passa akkurat meg. Det er lett å sjå seg blind på finn.no. Men om du for eksempel vil jobbe som musikkskribent, så send ein e-post til ulike tidsskrift, aviser osv. og opprett ei kontakt. Kanskje får du ikkje napp på første forsøk, men plutseleg så er det nokon som vil gi deg sjansen til å prøve deg – og då er ballen i gang å rulle. Då kan du i neste mailrunde ha noko å vise til, og i neste runde endå meir. Berre tør å send den første mailen eller telefonen! Og dette trur eg gjeld veldig mange jobbar ein kan ha etter utdanninga på HF.

 

Torkjell Hovland

Fag:
Musikkvitskap

Grad:
Master

Uteksaminert:
2018

Stilling:
Musikkskribent/kommunikasjonsrådgjevar

Arbeidsgjevar:
Enkeltmannsføretak/Oslo musikkråd

Fleire karriereintervju

Publisert 6. mars 2023 10:04 - Sist endret 6. mars 2023 10:04