Museumsleiar

Sjå utanom dei store byane! På mange av dei mindre musea får du prøve deg på mange ulike oppgåver, noko som gjev verdifull arbeidserfaring, tilrår Marie.

Portrettfoto, kvinne, stort smil, blondt hår, hestehale, blå øyne, grå hettegenser, øreringer, rød og hvit bakgrunn, innendørs

Marie Nicolaisen

Foto: Henning A. Hellebust, Musea i Sogn og Fjordane

– Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben din?

– Eg er lokal stadsansvarleg, så eg har administrativt og koordineringsansvar i det daglege på Sunnfjord museum, eit mellomstort friluftsmuseum like utanfor Førde. Eg er også fagleg ansvarleg for museet sitt tilbod. Særleg har eg ansvar for gjennomføring og utvikling av museet sin utadretta verksemd, som utstillingar og formidlingstilbod. Som del av eit konsolidert museum jobbar vi også på tvers av musea i større og mindre prosjekt.

– Kva likar du best med jobben din?

– På mange av dei mindre musea i Noreg får du prøve det meste! Eg har deltatt med faginnlegg på konferansar, vore med i slåtten, laga utstillingar, tekt tak og tatt imot skuleklasser.

Skal eg trekke fram noko særskilt er det nok å formidle kulturhistorie til barn og unge. Sjå reaksjonen når dei kjem inn i dei gamle husa våre og få  og få spørsmål og refleksjonar attende. Sjølvsagt også moglegheita til fagleg utvikling, og bygge på utdanninga med ny kunnskap og erfaring – og å prøve det ut i levande live. For tida jobbar eg til dømes med å sjå på ein lokal gravferdskikk frå Telemark, og eg har tidlegare sett på lokale trolldomssaker og lepra, som var veldig utbreidd i Sunnfjord.

– Korleis er utdanninga frå HF relevant i jobben?

– Sjølvsagt den faglige bakgrunnen. Kjærleik til fag og å kjenne på ynskje om meir kunnskap. Kulturhistorie er jo eit fantastisk spennande fag, og dei ulike innfallsvinklane og kjeldegrunnlaget -materielt, immaterielt, skriftleg og munnleg, du jobbar med gjennom studiet gjev deg eit unikt høve til å formidle historie og tradisjon. Og å sjå lengre linjer, i tid og rom som er viktig.  Det å ha trening i å skrive og omformulere kunnskap du får gjennom HF studiar er også overførbart i meir administrativt arbeid som prosjekt- og søknadsarbeid.

– Kva er ditt beste råd til ferske studentar som tenkjer på jobbmuligheitene etter studia?

– Tenk den heilskaplege kompetansen din. Eg brukar dagleg  erfaring frå sommar- og andre tidlegare ikkje fagleg relevante jobbar i servicebransjen, organisasjonserfaring i tillegg til faglege kompetansen.  Så lange du har moglegheit, få jobberfaring, enten i feriar eller gjennom året. Om det er å vera vitskapleg assistent eller i varehandel. Bli aktiv i ein organisasjon og få organisasjons- og styreerfaring. Det er mange frivillige kulturorganisasjonar du både kan jobbe fagleg og organisatorisk. Og sist, men ikkje minst – sjå utanom dei store byane, søk vikariat, dei fyrste jobbane er ikkje nødvendigvis kjemperelevante, men du stiller sterkt med administrativ erfaring når meir relevante stillingar dukkar opp og du kan oppleve kjempespennande plassar.

Marie Nicolaisen

Fag:
Kulturhistorie

Grad:
Master i kulturhistorie
nå: Kulturhistorie, museologi og kulturarv

Uteksaminert:
2012

Stilling:
Museumsleiar

Arbeidsgiver:
Musea i Sogn og Fjordane (misf.no)

Flere karriereintervjuer

Av Torunn Nyland, arbeidslivskoordinator HF
Publisert 29. feb. 2024 14:16 - Sist endret 21. mars 2024 10:41