Museumspedagog

«Eg trur det finst fleire draumejobbar, men dei må ofte mognast litt», seier historikar Julia. Dette er eit av fleire gode tips ho byr studentar på.

Portrettfoto, kvinne, stort smil, brunt hår, briller, oransje genser, hvit bakgrunn

Julia Stangeland

Foto: Shadé B. Martins, Norsk Oljemuseum

– Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben din?

– Mi primære oppgåve, i samarbeid med to andre pedagogar, er å ta imot skuleklassar som kjem til museet for å lære om alt frå oljehistorie til petroleumsgeologi (heldigvis ikkje så mykje av det siste). Eg underviser innanfor naturfag (fake it till you make it), samfunnsfag og historie, for alt frå barnehagebarn til elevar på vidaregåande – av og til òg for studentar.

Utover dette bruker eg tid på til dømes å lage nye undervisningsopplegg, førebu undervisning og aktivitetsdagar, ha hovudansvaret for museet si årbok, vere med på ulike forskingsprosjekt (sist med å skrive Equinor si historie) og ulike administrative oppgåver.

– Kva liker du best med jobben din?

– Eg set veldig stor pris på arbeidsmiljøet på arbeidsplassen min. Det er mykje humor, sosiale arrangement (frå julebord til fredagspils) og generelt god stemning.

Reint fagleg set eg pris på variasjonen som jobben gjer meg, både når det gjeld det faktum at ein aldri veit kva slags elevgruppe som vil dukke opp og at jobben inneheld varierte arbeidsoppgåver.

– Korleis er utdanninga frå HF relevant i denne jobben? 

– Som de kan sjå ovanfor bruker eg ikkje nødvendigvis historiekompetansen min dagleg i jobben min, men når eg gjer det, anten med elevar eller i andre prosjekt, merkar eg at den sit der trygt i ryggmargen. Det set eg veldig pris på.

Eg var òg så heldig at eg var éin av to redaktørar for historietidsskriftet Fortid då eg gjekk på master. Det eg lærte der har eg hatt veldig bruk for, til dømes under arbeidet med museet si årbok.

– Kva er ditt beste tips til ferske studentar som tenker på jobbmoglegheitene etter studiane?

–  Eg har tre tips!

Ikkje ver redd for å flytte på deg. Eg arbeidde på Gjenreisningsmuseet i Hammerfest før eg flytta heim og byrja å jobbe i Stavanger. Den erfaringa eg fekk der, og den opplevinga som to år i Finnmark gav meg, har eg fått god bruk for. Med tanke på at eg skreiv masteroppgåve om dette temaet, var det òg ein draumejobb!

Ikkje ver redd for å søke på jobbar som er litt på sida av det du har studert, eller som du ikkje føler deg heilt kompetent til. Mykje kan lærast – òg etter studiane. Ein kan kome langt med litt arrogant sjølvtillit à la Pippi, og med flinke folk rundt seg. 

Ikkje tenk så mykje på at du skal jakte etter draumejobben. Eg trur ikkje det finst éin, men fleire draumejobbar der ute. Men dei må ofte mognast litt. Mi erfaring er at jobben ofte blir kjekkare over tid. Når kollegane dine blir betre kjent med deg og din kompetanse, vil du gjerne òg få fleire, meir varierte og kjekkare arbeidsoppgåver.

 

Julia Stangeland

Fag:
Historie

Grad:
Master

Uteksaminert:
2017

Stilling:
Museumspedagog

Arbeidsgivar:
Norsk Oljemuseum, Stavanger (norskolje.museum.no)

Fleire karriereintervju

Publisert 29. nov. 2022 11:38 - Sist endra 29. nov. 2022 15:50