English version of this page

Nettredaktør

Det fagspesifikke og substansielle i filosofistudiet har mykje å seie for korleis eg forstår rolla mi som tilretteleggjar for kommunikasjon, seier Hans T. Wiig, som er nettredaktør i Drammen kommune.

Hans T. Wiig

- Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben du har i dag?

- Ei overordna oppgåve er, med bruk av nettet som kanal, å hjelpe kommunen til å nå dei strategiske måla. Eg fungerer som eit bindeledd mellom organisasjonen og dei tekniske miljøa i høve til vidareutvikling av nettet og digitale tenester.

Mykje av tida mi går med til å koordinere dei over 100 nettansvarlege i organisasjonen, slik at inter- og intranettsidene våre har oppdatert og rett informasjon. Eg har også ansvar for kursing av nettansvarlege i nettskriving og publiseringsverktøy. Eg er også rådgivar i kommunikasjonsspørsmål generelt, og nettkommunikasjon spesielt.

- Kva likar du best med jobben din?

- Eg har dei siste åra oppdaga læraren i meg, og tykkjer at det er givande å drive med kursing og rettleiing. Også likar eg godt å arbeide systematisk med organisering og utvikling for å kunne gi eit betre nettilbodet til drammenserane.

- Kva av det du lærte på HF har du hatt størst nytte av i denne jobben?

- Alle andre vektall enn dei frå filosofi har eg frå samfunnsvitskapen. For meg er det ikkje så lett å skilje mellom formalkompetansen eg har frå humaniora, og den eg har frå statstvitskap og sosiologi. Den er mykje lik, slik som kritisk sans, analytiske evner, og å kunne skjønne og plukke ut det viktigaste frå store informasjonsmengder.

Samstundes er det meir enn bare formalkompetansen eg har nytte av i jobben. Det fagspesifikke og substansielle i studiet har også gjort noko med ein. Eg trur at til dømes å lese Habermas eller Adorno  gjer noko med korleis ein ser på verda i det store, og det små. Til dømes har det noko å seie for korleis eg forstår rolla mi som tilretteleggjar for kommunikasjon mellom drammenserane og kommunen, og borgarmedverknad i prosessar som har konsekvensar for korleis byen skal sjå ut og kva for mål kommunen skal styre mot. Og at det kulturelle mangfaldet som pregar Drammen stiller krav til korleis vi kommuniserer.

- Det beste rådet du kan gje ferske studentar om jobbutsikter etter studia?

- Vel fag med hjarte. Men syt samstundes for erfaring frå organisasjons- og arbeidslivet. Ver stolt av den humanistiske bakgrunnen og trygg på at du får eit solid og slitesterkt fundament å stå på i arbeidslivet.

Av Torunn Nyland, arbeidslivskoordinator HF
Publisert 28. apr. 2017 10:21 - Sist endret 20. apr. 2023 15:01