Konstruksjonen av Norden: Draumen om nordisk storheit

Sjå foredrag med professor Anne Eriksen om tidleg nordisk historieskriving - om erobringar, eit bibelsk folk og verdas navle. 

Arrangementsplakat. Foto av Anne Eriksen med blå bakgrunn og teksten Konstruksjonen av Norden: Draumen om nordisk storheit

Nordisk historie i bøkene

Da den norske adelsmannen Johannes Lilienskiold døde i 1703, let han etter seg to store og rikt illustrerte bøker med titlane «Nordens Ære-støtte» og «De italienske Kongers Historier».

Bøkene fortel om urgamle folkestammer frå Norden som vandra mot sør og overtok det romerske imperiet.

Lillienskiold si plassering av Nordens menneske som eit gamalt folkeslag sikra dei nærleik til Gud, og med folkevandringa sørover gjorde han dei også til sentrale aktørar i europeisk historie og til herskarar over kontinentet.

Kor kom disse tankane om nordisk storheit frå, og kva fekk dei å seie?

Anne Eriksen er professor i folkloristikk ved Universitetet i Oslo, og har skrive ei rekke bøker om mellom anna historieforståing, kunnskapshistorie og kulturminne.

Se Anne Eriksens foredrag

 

Konstruksjonen av Norden

Korleis blei vi Norden? Kor kjem ideen om Norden frå, og kva utgjer eigentleg det nordiske?

I ein serie arrangement gjennom 2021 vil Nasjonalbiblioteket og den tverrfaglege forskingssatsinga UiO:Norden utforske ideen om det nordiske fellesskapet – frå mellomalderen og fram til i dag.

Kva har historisk sett ført oss nærmare naboane våre, og kva slags krefter og hendingar har trekt oss frå kvarandre? Kva har leia oss fram mot den nordiske modellen – med vekt på likskap, likestilling, velferd og tillit – og korleis står vi i Norden rusta til å møte utfordringar i samtida og i framtida?

Gjennom føredrag, samtaler og digital formidling vil serien ta for seg dei store spørsmåla om Nordens fortid og framtid

Publisert 26. feb. 2021 12:26 - Sist endret 23. feb. 2024 14:52