Konstruksjonen av Norden: Verdsmeistrar i likestilling

Eirinn Larsen forklarer posisjonen til feminismen i Norden – i grenselandet mellom sivilsamfunn, stat og merkevare.

Bildet kan inneholde: person, panne, nese, hud, øyenbryn.

Eirinn Larsen er professor i historie ved Universitetet i Oslo og forklarer posisjonen til feminismen i Norden. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Likestilling i Norden

År etter år viser dei globale likestillingsindeksane det same – at dei fem nordiske landa er best på å jamne ut kjønnsforskjellar. Men korleis blei Norden verdsmeister i likestilling? Kor likestilte er vi eigentleg? Og korleis blir likestilling brukt i den nasjonale og regionale merkevarebygginga av Norden? 

Sjå video av foredraget der Eirinn Larsen, professor i historie ved Universitetet i Oslo, trekkjer vekslar på historiske, transnasjonale og samtidige perspektiv for å forklare posisjonen til feminismen i Norden.

Se Eirinn Larsens foredrag om likestilling i Norden


Konstruksjonen av Norden

Korleis blei vi Norden? Kvar kjem ideen om Norden frå, og kva er eigentleg det nordiske?

I ein serie arrangement gjennom 2021 vil Nasjonalbiblioteket og den tverrfaglege forskingssatsinga UiO: Norden utforske ideen om den nordiske fellesskapen — frå mellomalderen og fram til i dag. Kva har historisk sett ført oss nærare naboane våre, og kva slags krefter og hendingar har trekt oss frå kvarandre? Kva har leia oss fram mot den nordiske modellen — med vekt på likskap, likestilling, velferd og tillit — og korleis står vi i Norden rusta til å møte utfordringane i samtida og framtida? Gjennom foredrag, samtalar og digital formidling vil serien ta opp dei store spørsmåla om Nordens fortid og framtid.   

Publisert 18. okt. 2021 14:28 - Sist endret 23. feb. 2024 15:26